Dåp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Livssyklus |
Dåp | konfirmasjon | ekteskap | død | gravferd |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Dåp er ein religiøs seremoni der eit menneske vert neddykt i eller overausa med vatn. I mange kristne trussamfunn er dåpen den den kyrkjelege handlinga der eit menneske vert teke opp som medlemer. Dåpen har bakgrunn i reinsingsseremoniar som vi finn i mange religioner, der en gjennom bad eller vasking vert reinsa moralsk eller kultisk. I kristendommen er dåpen eit sakrament som vart innstifta av Jesus, sjølv om han ikkje døypte sjølv.
Det er stor skilnad mellom ulike trusamfunn hva slags betydning som legges i dåpen. Nokre trusamfunn reknar dåpen som ei vedkjenningshandling, andre ser på dåpen som inngangsporten til livet med Gud ved at den reinser den døypte for synd og gjev han tru i hjarta.
Dåpsseremonien gjekk tidlegare ut på at barnet skulle neddykkast i vatn, men frå og med seinmiddelalderen er det nok at ein auser vatn over barnet sitt hovud. Etter Luthers litle katekisme er det ikkje vatnet som reinsar ved dåpen, men Guds ord, som er i og med vatnet, og trua, som tryggjer seg til det Guds ord som er lagt til vatnet. Andre kristne samfunn reknar ikkje med barnedåpen, men dåpen med Den heilage anden.
Dåp er i den protestantiske trua det første og grunnleggjande sakramentet, og var lenge obligatorisk i Noreg. Her inneheld dåpsritualet også eit spørsmål om barnet sitt namn, og slik er dåpen også sett på som ei offentleggjering og stadfesting av barnet sitt namn.
[endre] Litteratur
Matteus 28. kapittel, versa 18-20.
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |