Sandviksfjellet i Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandviksfjellet (392 moh) er eit av dei sju fjella kring Bergen og ligg nordøst for sentrum. På Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er dette det siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet og Rundemanen. Stien opp til toppen er kalla Stoltzekleiven etter Gerhard Stoltz (1833-1907), som var eigar av Frydenlund og let plante til fjellsida i 1873.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |