Saturnmånen Narvi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagarar | Ei gruppe leia av Scott S. Sheppard |
Oppdaga dato | 2003 |
Baneparametrar | |
Store halvakse | 19.140.800 km |
Eksentrisitet | 0,352° |
Omløpsperiode | 988,6 dagar, over 2,7 jordår |
Banehelling | 135,8 grader |
Er ein satellitt til | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 6,6 km |
Masse | ~4.9 × 1015 |
Middeltettleik | ukjend |
Overflategravitasjon | ukjend |
Unnsleppingsfart | ukjend |
Rotasjonsperiode | ? |
Aksehelling | ?° |
Albedo | 0,06 |
Overflatetemp. | ukjend |
Atmosfære | ingen |
Narvi, tidlegare kjend som S/2003 S1, er ein av månane til Saturn. Han ligg mellom Tarvo og Mundilfari. Namnet kjem frå Lokesonen Narve i norrøn gudetru.
Månen blei oppdaga gjennom eit 8,3-m Subaru-teleskop frå toppen av Mauna Kea på Hawaii. Han var den første nye saturnmånen oppdaga på 22 år. Dei siste oppdagingane før dette skjedde då Voyager 2 flaug forbi planeten i 1981.
Narvi er ein liten måne som ligg langt vekke frå Saturn. Han kan vera ein asteroide som er fanga opp gjennom gravitasjonen til planeten, og i framtida er det mogleg at kan han riva seg laus frå planetsystemet og heller kretsa rundt sola.
Namnet blei godkjend av den internasjonale astromilaget, IAU, den 21. januar 2005.