SeaDrill
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SeaDrill er eit føretak eigd av skipsreiaren John Fredriksen. SeaDrill vart oppretta i 2005, for å driva Frediksen si satsing på flytande oljeriggar. Selskapet vart registrert på Bermuda. Seint i januar 2006 vart det kjend at SeaDrill hadde kjøpt meir enn haldelen av aksjane i Smedvig ASA, og slik fekk kontroll over føretaket. Smedvig vart verdsett til NOK 15 milliardar. SeaDrill kjøpte i løpet av våren 2006 resten av aksjane i Smedvig, og 1. juni 2006 vart selskapa fusjonert under namnet SeaDrill.