Severin Løvenskiold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severin Løvenskiold var ein norsk verkseigar, embetsmann og politikar. Han vart fødd 7. februar 1777 i Porsgrunn og døydde den 15. september 1856 på Fossum i Gjerpen (noverande Skien kommune) i Telemark fylke. Løvenskiold vart vald som fyrste representant frå Bratsberg amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Etter at unionen mellom Sverige og Noreg var eit faktum, var han norsk forhandlar ved gjeldsoppgjeret med Danmark. Løvenskiold hadde dette ansvaret frå 1814 til 1817, med tittel av statsråd. Han var statsminister ved den norske statsrådsavdelinga i Stockholm i Sverige frå 1828 til 1841. Frå 1841 til han døydde i 1856 var han statthaldar (rigsstatholder) i Noreg. Etter Løvenskiold vart statthaldarembetet ståande ledig, til tittelen vart oppheva i 1873.
[endre] Sjå òg
- Liste over norske statsministrar (og riksstatthaldarar)
- Liste over norske regjeringar