Sigbjørn Bernhoft Osa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigbjørn Bernhoft Osa (fødd 3. mai 1910 i Ulvik i Hardanger, død 2. februar 1990) var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa. Sigbjørn spela både fiolin og hardingfele og var den mest kjende utøvaren på det sistnemnde instrumentet i det 20. hundreåret. Han gjorde ei rekkje innspelingar på grammofon både som solist og med orkester. Som ein av dei første folkemusikarane i Noreg let han sin musikk få samklang med moderne musikalske uttrykksformer, som t.d. i samarbeidet sitt med popgruppa «Saft» frå Bergen. Han hadde ei rekkje framføringar både i radio og fjernsyn, og var elles ein etterspurd foredragshaldar.
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |