Sjálvstýrisflokkurin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjálvstýrisflokkurin, norsk Sjølvstyrepartiet, (ofte kalla Sjølvstendepartiet/Selvstendighetspartiet), er eit sosialliberalt politisk parti på Færøyane. Ved siste val, i 2004, fekk partiet 4,6 % av røystene, og 1 representant i Lagtinget (av 32). Partileiaren heiter Kári P. Højgaard. Partiet har generelt arbeidd for større færøysk sjølvstyre, og går i dag inn for sjølvstende for Færøyane.
[endre] Historie
Sjølvstyrerørsla spring ut av foreininga Føroya Framburdsfelag, som samla dei færøyske nasjonale kreftene etter julemøtet i Lagtingshuset i 1888. Partiet har vore representert i Lagtinget sidan 1906, sjølv om det ikkje vart formelt stifta før i 1909. Den første leiaren var Jóannes Patursson.
Eit av hovudpunkta for partiet i starten vår å arbeida gjennom Lagtinget for å oppnå så stor innflyting og sjølvstende som mogleg, i forståing med den danske regjeringa og riksdagen. Fram til 1918 var partiet i mindretal, men fekk ved lagtingsvalet det året for første og einaste gong reint fleirtal med 11 mandat mot Sambandsflokkurin sine 9. Partileiaren J. Patursson vart deretter Færøyane sin representant i det danske Landstinget. Etter at det andre nasjonale partiet, Fólkaflokkurin, vart oppretta i 1940, mista partiet ein stor del av si politiske påverkning.
Partiet har, etter at det har vore med på å oppnå anerkjenning av det færøyske språket og sjølvstyrelover, ført ein moderat nasjonal politikk. Det er ofte i vippeposisjon når det skal dannast ny regjering.
[endre] Valresultat 1984-2004
Årstal | Mandat | Røyster | |
---|---|---|---|
1984 | 2 | 8,5 % | |
1988 | 2 | 7,1 % | |
1990 | 3 | 8,8 % | |
1994 | 2 | 5,6 % | |
1998 | 2 | 7,7 % | |
2002 | 1 | 4,4 % | |
2004 | 1 | 4,6 % |