Skeiand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeiand |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Skeiand (Foto: Svein Jan Hjelmeset) |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Anas clypeata Linné, 1758 |
Skeianda (Anas clypeata) er ein fugl i andefamilien. Ho er om lag 50 cm lang. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover.
[endre] Utbreiing
I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Dei overvintrar i Vest-Europa og Nord-Afrika.
[endre] Reiret
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8-10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23-25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40-45 dagar. Skeianda et små krepsdyr og blautdyr.