Skorpa i Dønna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Skorpa er ei øy i Dønna kommune på Helgelandskysten.
Skorpa ligg vest for Sandnessjøen. Det meste av øya er fjell, det høgaste punktet på Skorpefjellet ligg 232 m.o.h. Det var fast busetnad på øya fram til 2005. I dag vert Skorpa hovudsakleg nytta til fritidsbustadar og beite for sau.
Matrikkelgarden Skorpa har gardsnummer 59 i Dønna.
Øynamnet uttalast i lokal dialekt skorpo, i dativ også i skorpen eller på skorpen.
[endre] Historie
Fleire gravrøyser frå yngre steinalder og ein celt frå bronsealderen viser at folk har brukt Skorpa i lang tid.
Skorpa er nemnd i skattelistene frå tiendpengeskatten i 1521, då betalte Truid Erlandson på Skorpa 20 1/2 lodd sølv i formueskatt, meir enn tre gonger gjennomsnittleg skattebeløp.
Så seint som 1618 betalte ei enkje odelsskatt for garden. På 1640-talet høyrde garden til det store jordegodset futeenka Anne Jonsdotter hadde samla. I 1801 vart garden ved makeskifte overførd til Herøy kyrkje. I 1847 kjøpte leilendingen garden av kyrkje- og skolefondet.
Garden vart sidan delt, slik at det på det meste var fire gardar og to husmannsplassar i drift på Øya. På 1920-talet var det eit klippfisktørkeri på Skorpa. Frå midt på 1930-talet til midt på 1950-talet låg trygdekontoret for Nordvik på Skorpa.
Skorpa høyrde til Herøy kommune til Nordvik kommune vart skilt ut frå Herøy. Frå 1962 har øya høyrd til Dønna kommune. I kyrkjeleg samanheng har øya sokna til Herøy kyrkje, Stamnes kyrkje og Hæstad kyrkje.
[endre] Sjå òg
- Skorpa som etternamn
- Skorpen som etternamn.
- Omtale av namnet i O. Rygh: Norske Gaardnavne