Skorpa i Kristiansund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Skorpa er ei øy i Kristiansund i Møre og Romsdal. Øya er 0,7 km² stor, men berre 0,06 km² er bebygd område.
[endre] Næring, landskap og miljø
Skorpa har nokre små fjell og åsar, elles er mye av landskapet myraktig med nokre skogholt. Tre område har frå gammalt vore dyrka. Skorpa har eit vakkert naturlandskap og eit rikt dyreliv. I ei vik på øya er det eit naturleg basseng som vert oppdemt ved flo sjø. Bassenget, som kallast Valan, er ein populær badeplass om sommaren, sidan det oppdemte vatnet kan få ein god temperatur.
Det siste gardsbruket på Skorpa vart lagt ned på slutten av 1980-talet. Tidlegare har det òg vore ein minkfarm på øya. På Visnensbrygga var det før brannen i 1997 ei klippfiskbrygge, no er denne ombygd til privat bolig. Det er bru for lette kjøretøy frå Skorpa til Kristiansund.