Smeerenburg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smeerenburg er ein tidlegare nederlandsk kvalfangststasjon på nord-vest Svalbard. Området er rekna som eit viktig kulturminne. Kring 1620 etablerte nederlendarar verksemd på ei øy dei kalla Amsterdamer Eyland (Amsterdamøya). Smeerenburg fungerte som senter for kvalfangstverksemda nord på Svalbard. Namnet Smeerenburg tyder på nederlandsk språk "spekk byen").
Kring 1660, med nedgong i kvalfangsten, vart busetnaden flytt i frå. I 1973 vart ruinane av Smeerenburg ein del av Noreg sin Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.
Ikkje nokon annan stad på Svalbard er det så mykje spekkbetong (smelta spekk og sand) i tilknytting til omnane.