Snota
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snota er eit markant fjell i Trollheimen, og den høgaste toppen i Surnadal kommune. Hovudtoppen er 1 668 moh, medan ein lågare topp på 1 562 moh ligg rundt ein kilometer vekke. Ein kan lett kjenna igjen toppen frå lang avstand, til dømes frå høgder i Trondheimsområdet.
Ein kan lett nå toppen av Snota frå Gråsjøen eller Trollheimshytta på merka sti, medan det finst fleire klatreruter frå sør.