Sognefjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og etter grønlandske Scoresbysund den nest lengste fjorden i verda.
Fjorden ligg sør i Sogn og Fjordane fylke og strekkjer seg frå foten av Jotunheimen i aust og mot kysten av Vestlandet. Han er 204 km lang frå Skjolden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Dei største djupnene ligg innover i fjorden; ved munningen er botnen bare 100 meter under havoverflata.
Over fjorden går ei kraftline med eit spenn på 4597 meter. Dette er den nest lengste kraftlina i verda.
[endre] Fjordarmar
Sognefjorden har mange fjordarmar. Dei mest kjende er:
- Nærøyfjorden
- Fjærlandsfjorden
- Finnafjorden
- Lusterfjorden
[endre] Samferdsle
Sognefjorden har vore ei viktig samferdsleåre frå gamalt av. Han har gjort det mogleg å frakta landbruksprodukt, frukt, bær og fisk mellom bygdene i Sogn og Bergen. Stader som ligg langs Sognefjorden eller fjordarmane hans er Balestrand, Gudvangen og Flåm.
Det er i dag fem ferjesamband som krysser fjorden:
- Urnes-Solvorn
- Fodnes-Mannheller
- Hella-Vangsnes-Dragsvik
- Lavik-Oppedal
- Ryskjedalsvika-Rutledal-Krakhella
Det er daglige snøggbåtruter frå Sogndal til Bergen og Selje i Nordfjord.