Stabbursdalen nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stabbursdalen nasjonalpark, på nordsamisk Rávttošvuomi Álbmotmeahcci, ligg i Finnmark fylke og har verdas nordlegaste furuskog. Parken vart oppretta i 1970 og utvida i 2002. Han omfattar areal i kommunane Porsanger og Kvalsund i Finnmark fylke.
Stabbursdalen nasjonalpark | ||
Totalareal | 747 km² | |
Landareal | 747 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Finnmark |
[endre] Vern og bruk
Formålet med vernet er å sikre eit område nært fritt for tekniske inngrep, og å sikre biologisk mangfold med økosystem, artar og bestandar. I dette inngår blant anna å bevare ein del av verdas nordlegaste furuskog, variert vassdragsnatur og gáisáene med sitt karakteristiske preg, samt geologiske forekomstar og kulturminne.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift, naturoppleving og tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.