Steradian
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steradian (ste frå gresk στερεός (stereos), «solid», «romleg») er ein avleia SI-eining for måling av romvinkel, og er den tredimensjonale varianten av radian. Symbolet for steradian er sr.
Éin steradian er den romvinkelen som med toppunkt i sentrum av ei kule med radius r avgrensar eit areal av kuleoverflata som er lik r2. Ettersom arealet av overflata av ei kule er 4πr2, måler ei kule 4π steradianer.
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |