Stord lufthamn, Sørstokken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stord lufthamn, Sørstokken er ein kortbaneflyplass som ligg på vestsida av øya Stord. Flyplassen vert nytta av folk frå heile Sunnhordland, og er eigd av Stord kommune og Hordaland Fylkeskommune.
Rullebanen på Stord lufthamn er 1460 meter lang.
Frå Stord har det sidan flyplassen vart opna i 1985 gått fly til Oslo fleire gonger i veka. I periodar har det òg gått ruter til andre stader. Dei ordinære rutene er det flyselskapet Coast Air som driv. På 2000-talet har flyplassen hatt ein stor auke i trafikken, først og fremst på grunn av trafikken som Aker Kværner Stord har med prosjekta Snøhvit og Ormen Lange. Desse turane går med charterfly frå Atlantic Airways. Flya frå Atlantic er dei einaste jetflya som har vore i bruk på flyplassen. I dag (2006) går det passasjerfly frå Stord til m.a. Oslo, Molde, Alta, Stavanger England og Færøyane.
I 2002 fekk Stord lufthamn Stord kommune sin målpris.
Stord lufthamn er truga av nedlegging. Luftfartsverket krev at flyplassen skal byggja ny brannstasjon og nytt kontrolltårn før 2007. Det har ikkje lukkast lokalpolitikarane og flyplassleiinga å få Stortinget til å løyva midlar til dette.
Den 12. oktober 1998 styrta eit fly ved Stord lufthamn. I flyet var det ni personar, alle omkom. Åtte år seinare, 10. oktober 2006 glei eit Atlantic Airways-fly av rullebanen ved landing og fire av dei 16 som var ombord omkom. Båe ulukkesflya frakta arbeidarar som skulle jobba for Aker Kværner Stord.