Snøhvitfeltet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snøhvitfeltet er eit naturgassfelt på det området av norsk kontinentalsokkel som vert kalla Barentshavet. Strukturane i undergrunnen omfattar sju ulike petroleumfunn som vert utnytta med ei sams utbygging av infrastruktur for produksjon. Dei første funna vart gjorde i 1984, medan utbygging vart godkjend i 2002. I tillegg til naturgass vil ein utvinna noko NGL og naturgasskondensat frå feltet. Råolja i feltet skal ikkje utvinnast. Feltet er det femte største gassfeltet på norsk sokkel etter Trollfeltet, Ormen Lange-feltet, Åsgardfeltet og Ekofiskfeltet. Det vil etter planen gå føre seg utvinning frå feltet i om lag 30 år frå og med desember 2005. Naturgassen skal førast til land gjennom ein 160 kilometer lang gassrøyrleidning til anlegget Snøhvit LNG på Melkøya utanfor Hammerfest. På Melkøya vil gassen verta prosessert og kjøla ned til flytande gass, LNG, før han vert frakta ut med skip. Statoil ASA er operatør for feltet. Eigarar av rettar til feltet er: Amerada Hess Norge AS 3,26 % Gaz de France Norge AS 12,00 %, Petoro AS 30,00 %, RWE Dea Norge AS 2,81 %, Statoil ASA 33,53 %, Total E&P Norge AS 18,40 %
Snøhvitfeltet skil seg frå alle andre norske olje- og naturgassfelt på norsk sokkel på ei rad område:
- Alt utstyr i produksjonsanlegget på feltet vert plassert på havbotnen, ingen oljeplattformar eller andre innretningar vert nytta på overflata. Det vert mogleg for trålarar å tråla over installasjonene.
- Gassen vert førd i land gjennom ein røyrleidning utan prosessering
- Oppløyst C02 i gassen vert separert ut, førd attende til feltet og førd ned i eit reservoar
- Eigne skip er utvikla og bygd for transport av gassen (LNG) frå Melkøya til markedet
[endre] På verdsveven
[endre] Kjelder
- no.wikipedia.org/wiki/Snøhvitfeltet
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2005. Nettversjon