Sukkót
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkōt) eller lauvhyttefesten er ei jødisk høgtid som varar i sju dagar frå den 15. tisjré. Høgtida er dels ein innhaustingsfest og dels til minne om israelittane sitt opphald i øydemarka under utgangen av Egypt og om gleda over Toráen.
[endre] Sukkáen, eller lauvhytta
Sentralt under sukkót står sukkáen, eller hytta: Dette er ei lita, ikkje-permanent hytte oppført spesielt for sukkót og nedteken att når sukkót er over. I rabbanittisk jødedom er det eit krav at taket skal vera glisse nok til at ein kan sjå stjernene gjennom taket når ein sit i hytta. Samaritanarane byggjer derimot hytta med solid tak.
Det blir rekna som ein misvá å eta måltida sine i sukkáen under sukkót.
[endre] Luláben, eller palmegreina
Ein luláb er strengt teke ei palmegrein, men ordet blir òg bruka om bunten som inneheld ei palmegrein, to pil- eller seljekvistar og tre greiner av myrt. Desse, saman med sitrusfrukta etróg, utgjer «dei fire slaga». Det er ein misvá å halde desse fire slaga i hendene og å riste dei mot alle dei fire himmelretningane og i tillegg opp og ned under sukkót.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne artikkelen om jødedom er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer om jødedom. |