Sunndalsøramål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunndal er ein kommune på indre Nordmøre, først og fremst kjend for det store aluminiumsverket i kommunesenteret, tettstaden Sunndalsøra.
Dialektane i Sunndal er alle nordmørsdialektar, med grunnleggjande målmerke som kløyvd infinitiv og austnorsk trykkplassering i ord som dialekt, til dømes.
Dei mest markante skilnadene finn ein mellom målet i tettstaden Sunndalsøra pluss bustadfelta på nærliggjande Grøa på den eine sida og målet i bygdene omkring, altså resten av kommunen på den andre. Tettstaddialekten er eit typisk "bymål" i den forstand at det er skjedd ei forenkling av systemet i dei nært beslekta bygdemåla.
Eit døme på slik forenkling er bortfall av dativ. Tettstadmålet har au mista palataliseringa av konsonantane i midten av ord som å ligga, tenke(r) og spekemat. der bygdemåla har å liggja, tenkje(r) og spikkjemat.
I infinitiv av verb som å tenkje har både tettstads- og bygdemåla bortfall av den svake endevokalen, slik at alle seier å tenk.
Tettstaddialekten har dessutan former som tar og tatt i staden for tek og teke (uttala tikkje), men har likevel andre verbformer med omlyd, som kjem, søv, held og fer (presens av å fara). Der ein brukar infinitiv med éi staving, har tettstadmålet svak verbbøying, som i gi-gir-gitt, mens der infinitiven har fleire stavingar har ein sterk bøying, som i fara-fer-fare (uttala omlag /færra-fær-forre/) eller flyge-flyg-floge (uttala omlag /flyg'-flyg-fløgge/). Dette skiljet er typisk for mange bymål, og finst i nokon mon i mange av bygdemåla òg, men ikkje så konsekvent.
Diftongane ei-au-øy er klart uttala i ord som heil, laus, røyk, mens ord som hør(e), gløm(me), gjøm(me) har klar monoftong.
Sunndalsøra-dialekten ligg klart nærmare nynorsk enn bokmål i alle grunntrekka, sjølv om opplæringsmålet i tettstaden er bokmål.
Yngre folk i bustadfelta på Grøa nokre kilometer oppover Sunndalen talar òg i stor grad sunndalsøramål. Her er det nynorsk opplæringsmål, noko som vart stadfesta i ei målavstemming i Løykja skulekrets våren 2006.