Sunnfjord Folkehøgskule
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Førde i Sogn og Fjordane. Skulen tek årleg imot vel 90 elevar og er eigd av Normisjon. Skulen vart etablert i 1902 i form av ein ungdomsskule i Naustdal med Ungdomsvennernes Foreining som eigar. I 1910 overtok Sunnfjord indremisjon skulen og den vart flytta til Solvang i Førde og gjort om til ein folkehøgskule.
Skulen har følgjande linjefag:
- Pressefotografi
- Dans
- Foto svart/kvitt
- SOS
- Ticket to go
- Beach- og Volleyball