Sverreætta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sverreætta er ei vanleg nemning på dei norske kongane og deira slekt som stammar i mannslinja (agnatisk) frå kong Sverre. Sverre hevda å stamma frå den norske kongeætta Hårfagreætta, dei som stamma ned frå Harald Hårfagre.
Nemninga Sverreætta vert i nyare tid nytta, av di ein reknar det som lite truleg at kong Sverre stamma frå Harald Hårfagre i mannslina.
Sverreætta døydde i 1319 ut i mannslina med kong Håkon V Magnusson.