Sverre Magnus av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prins Sverre Magnus av Noreg (født 3. desember 2005) er det yngste bornet til kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit av Noreg. Han er det andre bornet til kronprinsparet og det tredje til kronprinsessa.
Sverre Magnus er nummer tre i rekkja over arvingar til den norske trona, etter faren sin og systra Ingrid Alexandra.
Prins Sverre Magnus får ikkje tittelen Hans Kongelege Høgheit. Fødselsdagen til prinsen blir ikkje offisiell flaggdag, og det skal heller ikkje salutterast frå anlegga til Forsvaret ved framtidige fødselsdagar.
Sverre Magnus blei født på Rikshospitalet i Oslo klokka 10.45 laurdag 3. desember 2005. Han var 52 centimeter lang og veigde 3944 gram. Namnet blei offentleggjort av kongen og kronprinsen i ekstraordinært statsråd på Slottet mandag 5. desember 2005 klokka 09.00. Statsminister Jens Stoltenberg meldte namnet til pressa som var samla utanfor Slottet rett etter avslutta statsråd.
Føregjengar: Aveprinsesse Ingrid Alexandra |
Liste over den norske tronfylgja (–)
|
Etterfylgjar: Prinsesse Märtha Louise |
[endre] På verdsveven
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |