Tåkeboge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tåkeboge liknar ein regnboge, men sidan vassdråpane i tåke er svært små, mindre enn 0,05 mm, har tåkebogen berre ein kvitfarge, og manglar fargane ein ser i regnbogar.
Vassdråpane er så små at den kvantemekaniske bølgjelengda til lys vert viktig og fargane vert smurt utover. Dette er eit anna optisk fenomen enn måneboge der fargane eksisterer, men er så svake at månebogen sjeldan er synleg.