Tømmerfløyting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmerfløyting er transport av tømmer nedover vassdrag eller over sjøar. Tømmeret kan fløytast som «laustømmer» (enkeltstokkar) eller i «soppar» (flåtar av samanbundne tømmerstokkar).
[endre] Historie
Fløyting blei utvikla i samband med tidleg skogbruksindustri i Europa og Nord-Amerika. Medan ein tidlegare hadde sett opp mindre sagbruk som kunne flyttast nær hogst-staden, blei det no laga større, stasjonære bruk. Desse låg som regel ved den nedre delen av ei elv, og tømmeret blei fløyta til dei med elva.
Tømmerfløyting spela ein avgjerande rolle for utnyttinga av skogeigedomar i ei tid då det ikkja var mogleg å frakta tømmeret til lands. I dag har lastebilar og tog overteke det aller meste av denne transporten.
Laustømmerfløyting i elvar er ofte tenkt på som den «opphavlege» fløytinga. Den siste laustømmerfløytinga i Noreg vart avvikla i Trysilelva i 1992. Fram til 2005 vart det framleis fløyta sopp-tømmer i Skiensvassdraget, til papirfabrikken Union i Skien. I 2006 var det slutt på all kommersiell tømmerfløyting i Noreg.
[endre] Teknikk
Ein har med få unntak utført tømmerfløyting i elvar samanheng med vårflaumen, sidan fløytinga var avhengig av store vassmengder. I sideelvar og andre stader med lita vassføring vart det bygt fløytingsdammar for å samle opp vatnet, slik at ein betre kunne kontrollere tømmertransporten nedover vassdraget.
For å vedlikehalde og passe på dammane, og for å føre tømmeret fram og losne tømmer som sat fast, vart det tilsett fløytarar. Fløytarane vart ofte tilsette av ei fellesfløytingsforeining, som var eit samarbeid mellom tømmerkjøparane i kvart enkelt vassdrag.
Fløyting var hardt og farleg arbeid, og ein kunne lett miste livet ved å falle av og bli knust av stokkane. Ein fløytar måtte kunna halde seg oppe og kome seg fram på rullande tømmerstokkar. Desse evnene blir i dag viste fram under tevlingar på nokre festivalar.