Tømmerhogst
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmerhogst vil seia å hogga ned tre og kvista dei for å rydda skog eller, meir vanleg, for å bruka trematerialet. Storparten av tømmeret som blir hogd blir brukt til å laga papir eller trevyrke, men noko blir òg hogd for ved. I dag er det meste av tømmerhogsten i verda driven industrielt, med motorsag og til tider svært store motoriserte kjøretøy.
Industrien har vore viktig i lange tider for å skaffa materiale til mellom anna hus, båtar, møbel og papirindustrien. Rovdrift har ført til at skog har forsvunne mange stader, mellom anna i England på 1600-talet, og i delar av Amazonas og Indonesia den dag i dag. På den andre sida kan ein lett hogga tømmer utan å skada skogen, og andre aktivitetar som utvida jordbruk, busetjing, gruvedrift og oljeutvinning trugar desse områda meir.
Ein person som driv med tømmerhogst vert kalla ein tømmerhoggar.
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |