Talet 1
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talet 1 i ulike talsystem: |
|
1 | binært |
1 | oktalt |
1 | desimalt |
1 | heksadesimalt |
I | romartal |
Talet éin (1), eller eitt, er det minste positive naturlege talet. I heiltalsrekkja kjem talet éin etter talet 0 og før talet to.
1 er det multiplikative identitetselementet; a * 1 = 1 * a = a.
Talet éin kan indikerast med prefikset mono- (frå gresk) eller uni- (frå latin).
Ordenstalet som svarar til talet éin, er fyrste eller første (1.).