Torborg Nedreaas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torborg Nedreaas (fødd 13. november 1906 i Bergen, død 30. juni 1987) var ein norsk forfattar. Ho debuterte 39 år gammal med novellesamlinga Før det ringer tredje gang i 1945. Boka inneheld eit utval av noveller som tidlegare var publiserte i ulike vekeblad. Same år kom også den eigentlege debuten hennar, Bak skapet står øksen.
Ho vaks opp i Bergen og ho budde også ei tid på Stord. Siste halvdelen av livet budde ho på Nesodden i Akershus.
Nedreaas var radikal, men ein finn sjelden ein open politisk agitasjon i bøkene hennar, med unntak av i De varme hendene som inneheld hard kritikk av det norske medlemskapet i NATO. Ho skildra ofte med stor dugleik unge jenter og kvinner sitt sjeleliv, til dømes i Av måneskinn gror det ingenting og Musikk fra en blå brønn.
Innhaldsliste |
[endre] Bibliografi i utval
- 1945 Før det ringer tredje gang,novellesamling
- 1945 Bak skapet står øksen, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1947 Av måneskinn gror det ingenting, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1950 Trylleglasset, samling skisser og noveller (Aschehoug, Oslo)
- 1952 De varme hendene, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1953 Stoppested, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1956 Madame, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 23.10.1953, instruktør Otto Nes)
- 1958 Siste stasjon, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 20.05.1958, instruktør Knut Thomassen)
- 1960 Musikk fra en blå brønn, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1963 Historien om en liten historie, høyrespel (Sendt av NRK Radioteatret 19. mars 1963)
- 1964 Skomakeren og hans lest, fjernsynsteaterstykke (Oppført av NRK Fjernsynsteatret 7. desember 1964)
- 1965 Den siste polka, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1967 Ytringer i det blå, kåserisamling (Aschehoug, Oslo)
- 1971 Ved neste nymåne, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1978 Det dumme hjertet, samling høyrespel (Aschehoug, Oslo)
- 1982 Vintervår, essaysamling (Aschehoug, Oslo)
I 1965 sende NRK Fjernsynsteatret Stoppested med manus skreve av Tore Breda Thoresen fritt etter novella med same namn av Nedreaas og i 1975 laga Vibeke Løkkeberg kortfilmen Regn bygd på noveller av Torborg Nedreaas.
[endre] Omsetjingar
Bøkene hennar har vorte omsette til mellom anna svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, polsk og russisk.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1950 Kritikerprisen for Trylleglasset.
- 1964 Doublougprisen
- 1972 Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Ved neste nymåne.