Torsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torsk |
||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||||||
Gadus morhua Linné |
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk'.
[endre] Skildring
Torsken kan bli opptil 180 cm lang og vega over 50 kg.
[endre] Fiske
Ein har drive torskefiske langs norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og allereie i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særleg til Spania og Italia. Denne handelen har gått føre seg i over tusen år utan brot, og er fortsatt viktig. Tørrfisken blir i første rekke produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei skjer ved byrjinga av kvart år.
Sidan 1970-talet har torskefisket vore regulert i Norge for å avverga overfiske, men også før denne tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten.