Torstein Dahle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torstein Dahle (f. 20. februar 1947) i Oslo) er ein norsk politikar, leiar for Raudt frå starten i 2007.
2003-2007 var han leiar for Raud Valallianse, som han vart medlem av ved skipinga i 1973. Han var tidlegare også medlem av AKP. Han er utdanna siviløkonom og arbeider på Høgskulen i Bergen som høgskulelektor.
Sidan 1987 har Dahle sete i bystyret i Bergen, der han er vorten ein populær politikar. Han har i mange år vore den fremste talsmannen for partiet i Bergen. Ved fylkestingsvalet i 2003 vart han vald inn i Fylkestinget i Hordaland, etter at veljarane hadde flytta han opp frå den nedste plassen på lista.
I 2001 meldte Dahle pastor Enevald Flåten til politiet for brot på rasismeparagrafen (§135a i straffelova), etter at Flåten uttalte at griser veit betre enn homofile. Saka vart lagd bort.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |