Trolla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Trolla i Trondheim
Trolla er namnet på tre fjell i Sunndal Møre og Romsdal og viser særleg til det største, Store Trolla, som med ei høgd på 1 850 moh., er det høgaste i Trollheimen. Dei andre fjella er Nordre Trolla (1 800 moh.) og Søndre Trolla (1 740 moh.).
Fjella ligg vest for Giklingdalsvatnet og kan nåast frå Innerdalen. Alle er populære blant fjellklatrarar.