Tromme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei tromme er eit perkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med skinn trekt over ein eller begge endar. Trommer vert laga i ei rekkje ulike storleikar og fasongar og frå fleire ulike materiale. Skinnet er laga av anten dyrehud eller syntetiske materiale, og trommene vert spelt ved hjelp av trommestikker, vispar, klubber eller hender.
I orkester- og korpsmusikk er skarptromme, stortromme, pauke og mindre perkusjonsinstrument som til dømes tamburin mykje nytta. I sjangrar som pop, rock og jazz, vert ofte fleire ulike typar trommer kombinert i trommesett. Enkeltståande handtrommer, som til dømes bongotrommer, congas eller djembe, er også vanlege i ei rekkje musikkformer.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |