Udmurtar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Udmurtar (eldre navn votjakar) er eit finsk-ugrisk folkeslag som bur i Russland, hovudsakleg i republikken Udmurtia og naboregionane. Ved den russiske folketeljinga i 2002 var det 637 000 udmurtar i Russland. 464 000 av dei kunne det udmurtiske språket. Dei fleste udmurtar har tradisjonelt vore ortodokse kristne.
Udmurtane har vore under russisk herredømme sidan midten av 1500-talet då Russland erobra det tatarske Kazan-khanatet. Etter den russiske revolusjonen var udmurtane eit av dei første folka som fekk eit eige autonomt område, Den votjakiske autonome oblasten, 4. november 1920. Dette området vart til Den udmurtiske autonome sosialistiske sovjetrepublikken 28. desember 1934. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing vart Udmurtia ein republikk i Den russiske føderasjonen.
I 2002 budde om lag 71 % av udmurtane i Russland i Udmurtia, der der utgjorde 29,3 % av folkesetnaden.