Ortodoks kristendom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Ortodoks kristendom er eit samleomgrep på gamle kristne kyrkjer som følger austlege tradisjonar og heilt eller delvis har gått vekk frå samhøyret med den romersk-katolske kyrkja. Dei ortodokse kyrkjene reknar seg òg som katolske, med tydinga universelle.
Det er vanleg å dela ortodoks kristendom i to grupper: Den austlege ortodokse kyrkja, der me til dømes finn den russiske og greske, og orientalske ortodokse kyrkjer, som er i kommunion med den romersk-katolske, og mellom anna omfattar den koptiske og den syriske kyrkja. Det er gjerne den førstnemnde retninga me meiner når me snakkar om den ortodokse kyrkja.
I Noreg er det ortodokse kyrkjelydar både under Moskvas og heile Russlands patriarkat og under Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.
Ortodoksi er òg bruka som nemning på ei strøyming innan den evangelisk-lutherske kyrkja med sterkt fokus på rett tru og lære. Denne ortodoksien var dominerande på 1600-talet.
Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer |
Autokefaliske kyrkjer |
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Aleksandria | Antiokia | Jerusalem Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* |
Autonome kyrkjer |
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina* | Ukraina* |
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda. |
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |