Ulster Unionist Party
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulster Unionist Party, ofte korta til UUP, er det eine av dei to største unionistiske partia i Nord-Irland. Partiet vert nokre gonger kalla Official Unionist Party (OUP). Fram til 2003 var UUP det største unionistiske partiet i Nord-Irland, men ved valet i Nord-Irland i 2003 fekk Democratic Unionist Party fleire røyster og mandat.
UUP vart skipa den 3. mars 1905 i Ulster Hall i Belfast, under namnet Irish Unionist Party. Partiet sitt fremste føremål var å motverka innføringa av home rule, heimestyre for Irland. Partiet hadde frå byrjinga og heilt fram til 2005 formelle band med Oransjeordenen. I og med delinga av Irland på byringa 1920-talet vart òg den irske unionismen delt og eit eige Ulster-parti vart oppretta. Partiet vart det største i Nord-Irland og var i åra 1921-1972 regjeringsparti i den sjølvstyrande regeringa i Nord-Irland.
Partileiar frå 1995-2005 var David Trimble, som gjekk av etter det som for partiet var eit parlamentsval til parlamentet i Storbritannia. Fem av UUP sine seks representantar vann ikkje att setet sitt i parlamentet. Mellom desse var Trimble sjølv. Den 24. juni 2005 vart sir Reg Empey vald til ny partileiar.