Stopp Innvandringen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stopp Innvandringen er eit tidlegare norsk politisk parti som var leia av Jack Erik Kjuus. Partiet stilde til val første gong i 1989. Det hadde som hovudmål å stoppa innvandring til Noreg. Til kommunestyrevalet i 1993 stilde partiet felles liste med Fedrelandspartiet, men fekk ingen mandat. Til stortingsvalet i 1997 slo partiet seg saman med Hjelp fremmede hjem til Hvit Valgallianse.
Då Kjuus trekte seg frå politikken i 1999 skifta partiet namn til Nasjonalalliansen.