Versailles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versailles er eit område vest for Paris sentrum i Frankrike. Versailles er ein forstad til Paris, men har status som by. Versailles er kjend for Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles). Slottet eller palasset vert ofte berre kalla Versailles. Slottet vart mykje nytta av kongane av Frankrike. I periodar på 1600 og 1700-talet, i tida som vert kalla Ancien Régime, var Versailles i røynda hovudstad i Frankrike. Hoffet og dei øvste styresmaktene heldt til i området.
Versailles er administrasjonsstad (Préfecture- prefektur) for det franske departementet Yvelines. Departementet ligg i den franske regionen Île-de-France.
[endre] Sjå òg
- Versaillestraktaten - fredsavtala frå 1919 som førde til den offisielle slutten på første verdskrigen
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |