Brukardiskusjon:Vidarlun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hei Vidar og velkommen ombord på den nynorske wikipediaen! Har du spørsmål skriv gjerne til meg. Helsing Bjarte 06:29, 9 Oct 2004 (UTC)
Kjekt å sjå at du har blitt hekta! Mykje flott arbeid! :P Eg reknar med du spreier ordet i mållagskretsane? Bjarte 24. apr 2005 kl. 1241 (UTC)
hehe, takk for det :-) Det er jo frykteleg artig! Sjangeren "leksikonartikkel" er definitivt meir utfordrande enn eg trudde i utgangspunktet... Klart det skal spreiast.
- Må forresten nemna at eg grunnen til at eg let som eg kjenner deg er at eg trur me har møttest før. Eg var relativt aktiv i Mållaget og Målungdomen midt på 90-talet ei stund. Blant anna var eg på landsmøtet i Kristiansand i (?)1995, men òg på målungdomslandsmøte i Oslo, og eit eller anna møte i Bergen. No har eg budd i Australia dei siste seks-sju åra, men vart nyleg medlem i NM att, noko som sikkert ikkje hadde skjedd var det ikkje for målreisinga i det norske wikipediamiljøet! Eg er redd for medlemspengene vert noko knappe for å senda Norsk Tidend så langt som til Sydney, men vonar dei ser stort på dét og ser på det som ei investering! Bjarte 24. apr 2005 kl. 1249 (UTC)
- Det kan stemme det! Var du i Studentmållaget i Stavanger? Og dei sender heilt sikkert Norsk Tidend til Sydney ;-)
-
- Eg trur eg var Studentmållaget i Stavanger ei stund, i lag med to andre! Hihi. Joda, eg har allereie fått første nummeret av Norsk Tidend, eg. Forresten, du kan signera det du skriv på diskusjonssidene med fire tildar ~~~~, eller ved å trykkja på krussedullknappen ovanfør, nest lengst til høgre. Bjarte 24. apr 2005 kl. 1306 (UTC)
-
-
- Terje T. var kan hende ein annan ein?? ;-) Takk for alle tips... Vidarlun 24. apr 2005 kl. 1312 (UTC)
-
Velkomen frå ein noverande målungdom òg! Jarle 24. apr 2005 kl. 2205 (UTC)
[endre] Opphavsrett og bilete
(Velkomen, forresten.) Nynorsk wikipedia har strengare "reglar" for bilete og opphavsrett enn dei andre. Bilete som er godkjent på den engelske ved hjelp av "fair use"-paragrafen (amerikansk greie), er ikkje bra nok her (lovleg sett er det vel ikkje eit problem ettersom tenaren ligg i USA, men det er greit å vere på den sikre sida). Det står sikkert om akkurat dette ein eller annan stad her i retningslinene. Iallfall, BMW-logoen er i utgangspunktet ikkje godkjend her utan godkjenning frå nokon som har den rette autoriteten (til dømes BMW Norge). -- Larsivi 24. apr 2005 kl. 2128 (UTC)