Werner Seeling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Werner Seeling fødd 1908, avretta 10. januar 1946 var lege i Luftwaffe, og tenestegjorde i Noreg. Han vart stilt for alliert rett i Oslo 10. desember 1945 for medverknad til drap på krigsfangar (seks nordmenn og ein brite) med MTB345 i Bergen sommaren 1943. Han vart dømd til døden 13. desember 1945, og vart avretta på Akershus 10. januar 1946 saman med Hans Wilhelm Blomberg.