Hans Wilhelm Blomberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Wilhelm Blomberg (fødd 27. september 1906 i Westfalen, avretta 10. januar 1946) var kommandør i Sipo i Kristiansand 1940, Tromsø 1940–1941, Bergen 1941–1944 og Hamburg 1944–1945. Han var dr. juris, og hadde tittel SS-Obersturmbannführer og Oberregierungsrat. Han vart arrestert i 1945 og stilt for alliert domstol i Oslo i desember 1945, der han vart dømd til døden 13. desember 1945 som ansvarleg for drap på krigsfangar (seks nordmenn og ein brite) frå MTB 345 i Bergen i 1943.
Han vart avretta på Akershus festning i Oslo 10. januar 1946.