Zeolitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein zeolitt er ein tredimensjonal struktur av aluminosilikat. Opne kanalar går gjennom strukturen. Fleire zeolittar finst i naturen.
[endre] Bruk
Det er fleire viktige bruksområde for zeolittar. Til dømes:
- som ionebyttarar. Ein zeolitt som inneheld natriumion kan ta opp ion av jordalkalimetall når vatn som inneheld slike vert send gjennom.
- som adsorpsjonsagentar. Porane i zeolitten kan halda små molekyl.
- til gasseparasjon. Zeolittar absorberar gassar selektivt. Nitrogengass vert lettare absorbert enn oksygengass.
- som katalysatorar. Zeolittar kan nyttast i danning av forgreina hydrokarbon frå rettkjeda.
Zeolittar vert nytta i mange vaskemiddel.
[endre] Referansar
- Raymond Chang: Essential Chemistry. 2000
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |