Førnesbrunen
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi


Førnesbrunen Da Noregshistorias verste pest, Svartedauden, kom med skipet til Bergen i 1349, greidde ikkje dei store viddene som skil vestland og austland å hindre at han også kom til Telemark. Her blei stormannsdauden skildra som eit kvinnfolk som kom brått på folk ned frå fjellet. Ho gjekk i mørkblå stakk, hadde svart, hengande hår og augo var svarte som pesten. Under armen hadde ho ei stor bok, med namna på alle som skulle dø. Sette kvinnfolket seg ned for å bla i boka ein stad, etterlot ho seg ikkje noko liv når ho fór igjen. Men der ho fór raskare fram, kunne nokon heldige overleva. Denne svarte skapnaden spreidde død og pine, og gudsfrykt blant dei som overlevde. Ein av dei fyrste plassane ho kom til i Telemark, var nok Møsstrond, som ligg heilt oppe mot Hardangervidda. Da hadde ho allereie herja vilt på Vestlandet, og etter mange folketome vidder, støtte ho endeleg på ei stor befolkning. Det var eit stort samfunn på Møsstrond fyri ho kom, men da ho reiste, var det så godt som folketomt kring Møsvatn. Ein av dei mektige mennene her oppe, budde på Førnes. Han var det som hadde den like mektige hingsten Førnesbrunen. Førnesbrunen var ein usedvanleg hest – han var særs stor og sterk, og samtidig klok utover det vanlege. I tidlegare år var det tre kyrkjesokn på Møsstrond, men det var ikkje lenger ei einaste kyrkje att når svartedauden nådde området. Da måtte alle som bøta med livet, fraktast til Rauland kyrkje, og leggjast i jord der. Vegen var lang og lika var mange – og det var Førnesbrunen som måtte frakte dei alle over Falkeriset og heilt til Rauland. Turane blei mange, og Førnesbrunen såg korleis livet der oppe døydde ut litt etter litt. Til slutt blei også eigaren til gampen sjuk – og Førnesbrunen gådde at det ikkje lenger var att ei levande sjel kringom honom. Dei la da ut på ei siste reis, med den døyande bonden på Førnes på slep, for å få lagt den bonden som hadde stelt så godt med honom i alle år, i vigd jord når han snart skulle dø. Han hadde gått vegen så tallaust mange gonger, at han kunne gå han på eiga hand. Men det var midt på hardaste vintaren og terrenget var ulendt. I ein intens kamp sleit Førnesbrunen seg nok ein gong over Falkeriset og heilt til Rauland kyrkje. Der sto det nokre karar - som vanleg klare til å ta i mot dei siste offera frå Møsstrond. Dei lempa av bonden, som hadde sovna inn på ferda, og gav Førnesbrunen eit klapp bak for å signalisere at han på ny kunne fara heim og hente dei neste som måtte fraktast. Men for fyrste gong var hingsten motviljug – han ville ikkje reise att, vel vitande om at det ikkje lenger var noko å koma heim til. Men karane på Rauland hadde ikkje fått nyss om det, og truga gampen til å koma seg av stad. Ei god stund seinare høyrde dei eit veldig vrinsk ovantil fjella. Nokre kloke hovud skjøna alvoret og kven som truleg kalla på dei. Dei fór oppover etter faret til hesten, og fann han til slutt på Falkeriset. Der stod han bergande fast og nedsnødd, med eine foten godt sokke ned i den djupe snøen. Han hadde mista eine trugen, og ikkje eingong den kraftige hingsten, kunne hjelpe seg sjølv ut av nauda. Karane frå Rauland hjelpte hesten opp, men Førnesbrunen var tydleg redusera etter han hadde kava i snøføyka. Da oppdaga dei at Møsstrond nå låg stilt og aude, og dei vende om og tok Førnesbrunen med seg. Førnesbrunen var utsliten og han hadde også skada seg. Da dei kom attende til Rauland kyrkje, sokk han heilt utmatta saman ute på kyrkjegarden og sovna inn. Den harde dødskampen og dei mange tunge taka, hadde leita for mykje på den gjeve gampen – og med det tok den svartkledde kvinna knekken også på honom. Staden Førnesbrunen la seg ned på, har etter dette heitt Hestedøkkji, til minne om den edle hesten. Etterkvart busette det seg nye folk på Møsstrond. På garden Førnes fann dei, nokre hundreår etter, ein uvanleg stor hestesko. Den var eit kvart alen brei mellom hakene, og det er truleg at denne tilhøyrde Førnesbrunen, da det ikkje hadde vore hest der på garden sidan hans tid. Segna om Førnesbrunen var like sterk som hesten sjølv, og historia rørte ved Telemarksfolket. Slik blei det etterkvart dikta ein slått om honom. Minnet om Førnesbrunen blei fyrst spela på langeleik, bukkehorn og munnharpe, og seinare overført til hardingfele. I denne vemodige gangaren, høyrer ein ferda til Førnesbrunen; Pinslene han kjempa seg gjennom, nauda han opplevde på ferda, dødskampen i snøkavet og vrinska som nådde heilt til Torvetjønn på Rauland. Og i enden høyrer ein kyrkjeklokker som kalla både befolkninga og Førnesbrunen sjølv til si siste kvile.