Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2005
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Kronos er namnet på ein av titanane i gresk gudelære. Namnet hans liknar på det til Chronos, personleggjeringa av tida, men dei to er ikkje den same. Kronos svara til Saturn i romersk gudelære. Han høyrde til den første generasjonen av titanane, og mokre myter seier at han var den yngste av dei.
Grekarane dyrka Kronos som ein gud for korn, natur, jordbruk og grøde. Han blei gjerne avbilda med ein sigd i handa, både fordi han var grødegud og avdi han brukte sigden som våpen. Festivalen Kronia blei halden i Aten den tolvte dagen av kvar månad (hekatombaion) til ære for Kronos og grøden.
Kronos vann stillinga si ved å drepa eller lemlesta sin eigen far, Uranos – Himmelen, som forbanna han og sa at same skjebnen skulle ramma ugjerningsmannen. For å hindra dette åt Kronos kvart av barna sine så snart dei var fødde. Les meir...