Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2005
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var to atombomber slupne i lufta over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki den 6. og 9. august 1945. Bombene drap minst 120 000 menneske med ein gong, og dobbelt så mange over tid. I tillegg har dei som overlevde bombene og etterkomarane deira slite med seinskader som kreft og misdanningar. Fellesnemninga på dei som blei påverka av bomba på japansk er hibakusha (被爆者), og dei fortsatt ei eiga gruppe i Japan som kan oppleva å bli utstøtte, ikkje få arbeid, og ha problem med å stifta familie.
Den 15. august, ni dagar etter det første atomåtaket og seks dagar etter det andre, sende dei japanske styresmaktene ei formell overgjeving til amerikanske styrker. USA hadde oppnådd det dei ville, men ei grusom øydeleggjing som skulle plaga ofra i åra som kom var igjen. Les meir...