Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 4, 2006
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 1756–5. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.
Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring. Les meir …