Ångström
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein ångström, angström, eller angstrom (symbol Å) er ei lengdeeining. Eininga er ikkje ei SI-eining, men vert delvis likevel brukt i samband med SI. Ein Å er ofte nytta for å forklare storleiken til eit atom, lengda til kjemiske bindingar og det det synlege optiske spekteret.
[endre] Definisjon
Til samanlikning er gjennomsnittlege [[diameter]en] til eit atom rekna ut til å vere i området frå omtrent 0,5Å for hydrogen, det minste atomet, til omtrent 3,8 Å for uran, eit av dei største naturlege grunnstoffa på jorda.
[endre] Opphav
Eininga er oppkalla etter den svenske fysikaren Anders Jonas Ångström (1814–1874), ein av grunnleggarane for spektroskopi. I tillegg studerte Ångström varmeoverføring, jordmagnetisme og nordlys. Han laga spektrale kart over solstråling som viser lengda av elektromagnetisk stråling i det elektromagnetiske spekteret i multiple einingar av ein ti-milliontedel av ein millimeter, eller 10–10 meter. Denne lengdeeininga vart då kjendt som ångström, Å.