Atom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atom er dei minste partiklane som kan skiljast frå kvarandre ved tradisjonelle kjemiske metodar.
Eit atom er bygd opp av ein positivt lada atomkjerne og ei rekkje negativt lada elektron som svermar omkring atomkjerna. Atomkjernen består av proton og nøytron. Alle atom av same grunnstoff inneheld like mange proton, men talet på nøytron kan variera. Grunnstoffet har då fleire ulike isotopar. Eit nøytralt atom har like mange elektron som proton og har såleis ei nettoladning på 0. Dette er ikkje tilfellet for ion.
Namnet atom kjem frå gresk og tyder udeleleg, ettersom dei er dei minste byggjesteinane i naturen og tidlegare ikkje kunne delast i det heile. I dag kan me dela atom, men det krev kraftige fysiske metodar.
Det finst få atom som svever fritt i naturen. Dei fleste kombinerer seg med andre atom i ulike kjemiske sambindingar, gjerne som molekyl. Edelgassane er likevel døme på atom som gjerne er åleine.
Om eit atom vert kombinert med andre atom eller ei avheng av om elektronfordelinga rundt atomet er stabil. Ein tommelfingerregel for dette er oktettregelen, men meir allmenngyldige reglar må søkast i orbitalteorien derivert av kvantemekanikken.
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer ut
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |