Île de Noirmoutier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île de Noirmoutier | |
---|---|
Passage du Gois som fører til øya Noirmoutier. |
|
Geografi | |
Stad | Biscayabukta |
Koordinatar | |
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Vendée |
Île de Noirmoutier er ei øy i Biscayabukta utafor kysten av Frankrike i departementet Vendée.
Delar av øya er tatt tilbake av havet. I 2005 var øya målgong for prologen i Tour de France.
Kommunane på øya er samla saman i ein communauté de communes. Desse kommunane er:
- Barbâtre
- L'Épine
- La Guérinière
- Noirmoutier-en-l'Île
Øya er mest kjend for Passage du Gois, ein brulagd sandbanke med ei lengd på 4,5 km mellom øya og fastlandet. Han kjem under vatn to gonger i døgnet på grunn av tidvatnet. Kvart år går kappløpet Foulées du Gois over passasjen, som startar i det floa byrjar.