Île du Levant
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île du Levant | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Middelhavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Îles d'Hyères |
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Var |
Største busetnad | Héliopolis |
Île du Levant, stundom berre kalla Le Levant, er ei øy i Middelhavet utafor kysten av Den franske riveraen, nær Toulon. Ho er ei av tre øyar i øygruppa Îles d'Hyères i Frankrike. Øya er 8 km lang, 2 km brei, og ligg i Golfe du Lion. Om lag 90 % av øya høyrer til det franske militæret, der dei har eit testsenter for missilar (Centre d'Essais de Lancement de Missiles). Frå her har dei sendt opp svært mange forskings- og testrakettar sidan staden vart oppretta i 1948. Det meste av øya er derfor ikkje tilgjengeleg for allmennheita.
I 1931 oppretta legane Gaston og André Durville Héliopolis, den første busetnaden i Europa som var tileigna naturisme. Byen vart bygd i åssida og er dominert av Fort Napoleon. Bain de Diane og Plage des Grottes er to nudiststrender reservert for naturistar. Bortsett frå Héliopolis, ligg naturreservatet Domaine des Arbousiers på øya.
På 1400-talet levde munkar på øya, og ruinane etter klosteret deira ligg her framleis.
Det går båtruter til øya frå Hyères og Le Lavandou.
Forfattaren Robert A. Heinlein skreiv begeistra om øya i romanen hans Glory Road.