Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1. januar: Portugisiske oppdagarar segla inn i Guanabrabukta, tok henne for munninga til ei elv, og gav henne namnet Rio de Janeiro, januarelva.
- 9. mai: Christopher Columbus forlot Spania på si fjerde og siste reise til "den nye verda". I slutten av juli oppdaga han øyane utanfor Honduras, og i august gjekk han i land ved Trujillo på fastlandet. Columbus døypte landet "Honduras", djupner, på grunn av det djupe havet langs kysten.
- 21. mai: Portugisarar oppdaga øya St Helena.
- 18. oktober: Universitetet i Wittenberg blei grunnlagd.
- 31. desember: Cesare Borgia fengsla to potensielt svikefulle vener, Vitelozzo and Oliveretto. Han let dei avretta neste morgon.
- Ivan III av Russland og Mengli Giray av Krim-khanatet gjekk til åtak på Storfyrstedømet Litauen, utan suksess.
- Auitzotl av aztekarriket døydde, og Moctezuma II blei vald til ny keisar.
- Newfoundland i dagens Canada blei namngjeve i eit brev.
- Portugisarane under leiing av Vasco da Gama gjekk til åtak på Kilwa og Zeila på kysten av Aust-Afrika.
- 7. januar: Pave Gregor XIII
- 6. juni: João III av Portugal
- Pieter van Aelst, flamsk målar
- 2. april: Prins Arthur, eldste sonen til Henrik VII av England
- 6. mai: James Tyrrell, skulda for å ha myrda dei engelske prinsane i tårnet, avretta
- Auitzotl, aztekisk herskar av Tenochtitlan
- Alvise Vivarini, italiensk målar