216 Kleopatra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging A | |
---|---|
Oppdaga av | Johann Palisa |
Oppdaga dato | 10. april 1880 |
Alternative namn | A905 OA, A910 RA B |
Kategori | Hovudbeltet |
Baneelement C Epoch 30. januar 2005 (JD 2453400,5) |
|
Eksentrisitet (e) | 0,252 |
Store halvakse (a) | 417,796 mill. km (2,793 AE) |
Perihel (q) | 312,544 mill. km (2,089 AE) |
Aphel (Q) | 523,049 mill. km (3,496 AE) |
Omløpsperiode (P) | 1704,704 d (4,67 år) |
Gjennomsnittleg banefart | 17,82 km/s |
Banehelling (i) | 13,136° |
Lengda til oppstigande knute (Ω) |
215,672° |
Perihelargument (ω) | 179,099° |
Gjennomsnittleg anomali (M) |
55,259° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 217 · 94 · 81 km |
Masse | ukjend |
Tettleik | ukjend |
Overflategravitasjon | ukjend |
Unnsleppingsfart | ukjend |
Rotasjonsperiode | 5,385 t |
Spektralklasse | M |
Absolutt magnitude | 7,3 |
Albedo | 0,116 |
Gjennomsnittleg overflatetemperatur |
ukjend |
216 Kleopatra er ein hovudbelteasteroide som blei oppdaga av Johann Palisa 10. april 1880 i Pola, Italia. Han er namnsett etter Kleopatra, dronning av Egypt.
Kleopatra har ein av dei mest bisarre utsjånadane i solsysytemet. Ved å sende radarsingal som blir reflektert ac asteroiden har ei gruppe forskarar ved radioteleskopet i Arecibo i Puerto Rico greid å lage ein datamodell av fasongen hans. Da oppdaga dei at han såg ut som bein ein vanlegvis gir til bikkjer. Den beste forklaringa på dette er at det er to omtrent like store asteroidar som har kollidert og «lima» seg saman i staden for å bryte frå kvarandre. Ein tilsvarande asteroide er kanskje 624 Hektor.
Kleopatra er ein relativt stor asteroide, måla er 217 · 94 · 81 km. Samansettinga er typisk M-typeasteroidar, med andre ord så er han metallisk, samansett av nikkel-jern. Han er sett på som eit laust samansett porøst objekt.
[endre] På verdsveven
- Astronomar får fram bilde av eit gigantisk metallisk bikkjegnagebein – NASA-artikkel (engelsk)
- Ein asteroide for bikkjer (engelsk)
[endre] Referansar
- Database for baneelementa til asteroidane (engelsk)
- Forholda rundt oppdagingar av småplanetar (engelsk)
- Ljoskurvedata for asteroidar (engelsk)